Knute Rockne | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. mars 1888 Voss herad |
Død | |
Yrke | hovedtrener, amerikansk fotball-spelar, forretningsdrivande, skribent |
Knute Rockne på Commons |
Knute Kenneth Rockne (4. mars 1888–31. mars 1931) var ein norsk-amerikansk utøvar og trenar innan amerikansk fotball.
Han var fødd Knut Rokne på Voss og emigrerte alt som barn til Chicago i Illinois, USA. Han arbeidde som laboratorieassistent hjå Julius Arthur Nieuwland ved University of Notre Dame, men sa frå seg vidare arbeid innanfor kjemi etter å ha fått tilbod om å verta fotballtrenar. Han hadde sjølv i åra 1910-1913 spela amerikansk fotball på universitetslaget, utan å merkja seg ut i særleg grad før dei to siste åra. Han gifte seg i 1914 med Bonnie Gwendolyn Skiles, og dei fekk fire born saman; Bill, Knute jr., Mary Jean og Jack.